Kalender
Fagsamling for læremiddelforfattarar

Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen + på nett
dato
Tid
17.00-22.00
Gratis for NFFO-medlemmer
Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for dei som skriv læremiddel. I år opnar me opp for ikkje-medlemmer også. Ta med ein forfatterkollega og meld dykk på i dag!
Program
kl. 17:00-18:00: May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl
"Vår metode i Matematikk 1" (Cappelen Damm). Matematikk 1 fra Cappelen Damm blei tildelt gull i den prestisjetunge BELMA-utdelinga (Best European Learning Materials Awards) på bokmessa i Frankfurt i oktober 2025. Det er første gong eit norsk læremiddel i matematikk vinn gull. May Else Nohr og Hanne Hafnor Dahl er begge allmennlærarar og arbeider som fagkonsulentar i matematikk og kurshaldarar for Utdanningsetaten i Oslo.
kl. 18:00-18:15: Pause.
kl. 18:15-19:15: Panelsamtale med forlag om framtida til læreboksjangeren.
Kva type fornying i sjangeren trengst, ønskjer om neste reform og innhaldet i han. Kva tenkjer forlaga sjølve om digitaliseringsbølgja som har vore og er, og måtane dei har handtert denne på. Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun har fysiske lærebøker i grunnskulen som hjartesak, og Stortinget har løyva ekstramidler til kommunane for innkjøp av lærebøker i fleire omganger - korleis riggar forlaga seg?
Med Hanne-Mari Eide Bennett, forlagsdirektør i Gyldendal Undervisning, Anders Skogvold, forlagsdirektør for Cappelen Damm Utdanning og Lars Mausethagen, forlagssjef undervisning i Fagbokforlaget. Ordstyrar er Roman L. Eliassen, redaktør i Prosa. Det siste Prosa-nummeret er dedikert læremiddel.
kl. 19:15-19:30: Pause med aperitiff.
kl. 19:30-20:00: Foreiningsnytt.
Ane Christiansen, leiar av NFFOs nyoppretta læremiddelutval og ny generalsekretær, Cathrine Sandnes, informerer om relevante saker.
Frå kl. 20: tapas og drikke.
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.
Påmelding
Frist for påmelding: 19. februar. Hugs å oppgi eventuelle allergiar/matpreferansar når du melder deg på.
Er du medlem? Meld deg på her
Er du ikke medlem? Meld deg på her
Det faglege programmet blir strømma også. Lenkja blir publisert etter kvart.
NB: Det er begrenset antall plasser i dette arrangementet. Meld deg på mens du kan!







