Kalender
Fagsamling for generell sakprosaforfattarar

Gratis for NFFO-medlemmer
Frist for å gjere endringar i påmeldinga: 12. februar. Oppgi i fritekstfeltet om du ønskjer tapas/drikke (ja/nei) og ev. allergier/preferansar.
Sted
Uranienborgveien 2, inngang Parkveien, Oslo + på nett
dato
Tid
17:00 – 22:00
Gratis for NFFO-medlemmer
Velkommen til ein kveld via fagleg og sosialt påfyll for aktive sakprosaforfattarar! OBS! Arrangementet er fullt, men det faglege programmet blir strømma for medlemmer.
Fagleg program kl. 17-20. Frå kl. 20: tapas og drikke.
Hugs å oppgi om du vil ha mat/drikke og eventuelle allergiar/matpreferansar når du melder deg på.
Målgruppe: aktive sakprosaforfattarar som har publisert ei bok dei siste fem åra. Berre for NFFO-medlemmer. Det faglege programmet blir strømma for medlemmer.
Program
kl. 17:00-18:00 Føredrag ved Espen Ytreberg: "Om fotografi som kjelder i m.a. Utryddelsen - historien om den norske industrielle hvalfangsten (Forlaget Press 2023)".
Opning for spørsmål og kommentarar frå salen til slutt.
Espen Ytreberg er professor i medievitskap ved Universitetet i Oslo, og har skrive fleire sakprosabøker og romaner i tillegg til faglitteratur.
kl. 18:00-18:15 Pause.
kl. 18:15-18:45 Føredrag ved Anne Bitsch: "Nyttig digitalt verkty for å jobbe godt med kronologi og få eit fundament til å lage scenar og byggje karakterar."
Alle kan opprette ein gratisbruker herifrå: TimeGraphics
Anne Bitsch er forfattar, forskar og frilansjournalist. Frå 2025 er ho redaktør av tidsskriftet Fett. Siste skrivne bok: Den norske skyld. En beretning fra rettssaken mot Philip Manshaus (2022, Res Publica).
kl. 18:45-19:05 Foreiningsnytt. Anne Gunn Halvorsen, leiar av det nyoppretta Frilansutvalet, orienterer om arbeidet i utvalet. Ny generalsekretær i NFFO, Cathrine Sandnes, orienterer om andre relevante saker.
Anne Gunn Halvorsen er frilansjournalist og forfattar for barn, ungdom og vaksne. Siste sakprosabok: Mitt Internett. Då www kom til Noreg (Samlaget, 2025).
kl. 19:05-19:15 Pause med aperitif.
kl. 19:15-20:00 Panelsamtale om faktasjekking av sakprosabøker. Feil i sakprosabøker kan få store konsekvensar og prege heile pressedekninga av ei bok. Korleis går faktasjekkinga faktisk føre seg i forlag, og kor ligg ansvaret for at ei sakprosaboka er så rett og sann som mogeleg er. Med Gerd Johnsen, forlagssjef i Res Publica, Elsebeth Danielsen, sakprosaredaktør i Bonnier, og Ivar A. Iversen, redaktør i Kagge Forlag. Ordstyrar: Lars Petter Sveen, kulturredaktør i Vårt Land. Opning for spørsmål og kommentarar frå salen til slutt.
frå kl. 20: tapas og drikke. Arrangementet er fullt, og me har ikkje bord og stolar til alle som skal ete. Førebu deg på ståande buffet og mykje mingel med hyggelege folk!
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.







