Kalender

Medlemstreff på Lillehammer

3. november 2025
Bilde

Gratis for NFFO-medlemmer


Frist for påmelding:
24. okt. 2025

Arrangementet er gratis. Tilreisande må sjølve leggja ut for reise og eventuell overnatting. Påmeldinga er bindande på grunn av matbestillinga. Meld frå så tidleg som råd er, dersom du vert hindra frå å koma. Om du ikkje melder frå, er gebyret kr 500.

Sted

Fabrikken Pub og Scene, Løkkegata 9, Lillehammer

dato

3. november 2025

Tid

18.00

Gratis for NFFO-medlemmer

Hald deg orientert om dei viktigaste sakene i foreininga, høyr Mass Soldal Lund fortelja om korleis cybermakt påverkar moderne militærmakt, og møt vener og kollegaer til middag og forfriskingar.

Regionkontakt Kristin Fridtun har gleda av å invitera NFFO-medlemer i Innlandet til medlemstreff på Lillehammer 3. november. Etter fjorårets utprøving av nytt medlemstreff-format er vi no tilbake med eit treff etter tradisjonell oppskrift. Vi skal få besøk frå styret og bli informerte om det som rører seg i organisasjonen, få fagleg påfyll frå ein av dei lokale medlemene og eta god mat i lag.

Mass Soldal Lund står for det faglege innslaget denne gongen. Han har i mange år forska på militære cyberoperasjonar og skal gje oss eit innblikk i korleis cyberdomenet blir brukt til å utøva både hard og mjuk makt.

Program

Kl. 18.00: Velkomen og nytt frå NFFO ved styremedlem Linn T. Sunne

Kl. 18.30: Føredrag ved Mass Soldal Lund: Frå kuler til kode – korleis cybermakt påverkar moderne militærmakt

Kl. 19.00: Middag (tapas) frå Lyng mat & bar

Mass Soldal Lund er professor i cybertryggleik og samfunnstryggleik ved Universitetet i Innlandet og professor II i cyberoperasjonar ved Cyberingeniørskolen ved Forsvarets høgskole. Saman med Vivi Ringnes Berrefjord gav han i fjor ut boka Cybermakt. En tverrfaglig innføring (Universitetsforlaget).

Er du allergikar eller ynskjer vegetarisk eller vegansk mat, må du melda frå om det når du melder deg på.

Fabrikken ligg om lag 10 minutts gonge frå Lillehammer stasjon. Det skal vera nokre parkeringsplassar for gjester inne på eigedomen, elles kan ein parkera på Lurhaugen, der det er gratis å stå etter kl. 17.00.

Ta kontakt med Kristin Fridtun (kristin.fridtun@gmail.com, mobil: 905 68 741) dersom du har praktiske spørsmål eller må melda avbod etter at påmeldingsfristen er gått ut.

Hjarteleg velkomen!

Flere av våre arrangementer

Dame som leser bok i et bibliotek

Gratis arrangementer og faglig felleskap som medlem av NFFO

Bli del av et nettverk av engasjerte faglitterære forfattere og oversettere. Delta på inspirerende seminarer, kurs og workshops som gir faglig påfyll og utvider ditt nettverk.

Bli medlem

Om nffo

Personvernerklæring

Org.nr: 944 394 958

Adresser

Post: Postboks 172 Bogstadveien 0323 Oslo

Besøk: Uranienborgveien 2, Oslo

Kontakt oss

Tlf: +47 22 12 11 40

mandag, onsdag, fredag 09.00-12.00


Motta vårt nyhetsbrev

Navn

Epost

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.