Kalender
Heilt Texas. Samtale om etikk i sakprosa under Kapittelfestivalen i Stavanger
Gratis for NFFO-medlemmer
Sted
Sølvberget bibliotek og kulturhus
dato
Tid
20:00-21:00
Gratis for NFFO-medlemmer
Kva etiske køyrereglar forpliktar sakprosaforfattarar seg å følgje når dei skriv bøker?
Når journalistar skriv, må dei følgje Ver Varsam-plakaten og kan bli felt i Pressens Faglege Utval om dei ikkje gjer det. Men når journalistar skriv bøker, har dei få retningsliner og berre ei rettleiande etisk sjekkliste dei kan velje å nytte. Stadig kjem det nye sakprosabøker som blåser liv i debatten om sakprosaen treng sterkare lut.
Møt journalist og forfattar av Partiet, Jørgen Gilbrant, førsteamanuensis i sakprosa ved UiB, Iben Brinch, og tidlegare forlagsredaktør og no generalsekretær, Cathrine Sandnes, i samtale om etikk i sakprosa, leia av Sven Egil Omdal, mangeårig redaktør av Stavanger Aftenblad og leiar av NFFOs nye etikkutval. Arrangørar: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) i samarbeid med Kapittelfestivalen.
Gratis inngang for medlemmer, sjå promokode for å hente ut billett i nyhendebrev.
Spørsmål? Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.





