Kalender

Haustsamling for barne- og ungdomsbokforfattarar

28. november 2025
Bilde

Gratis for NFFO-medlemmer


Frist for påmelding:
20. nov. 2025

Sted

Uranienborgvegen 2, inngang Parkvegen + på nett.

dato

28. november 2025

Tid

17:00 – 22:00

Gratis for NFFO-medlemmer

Velkommen til ein kveld med fagleg og sosialt påfyll for barne- og undomsbokforfattarar.

Dersom du er medlem av NBU eller tidlegare elev ved NFFOs forfattarskule kan du melde deg på her og arrangementet er gratis. Medlemmer av NFFO melder seg på i medlemsportalen.

Fagleg program kl. 17-20 med pausar. Frå kl. 20: tapas og drikke. Hugs å oppgi ev. allergiar/matpreferansar når du melder deg på. Det faglege programmet blir strømma for medlemmer.

Kl. 17-18: Føredrag ved Andreas Tjernshaugen: "Frå bok til førestilling til ny bok." Korleis formidle eiga barnebok (t.d. gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) eller ein laurdag på biblioteket) og korleis munnleg formidling kan vere til hjelp i arbeidet med ny bok.

Andreas Tjernshaugen (f. 1972) har skrive mange bøker for barn og vaksne om dyr, natur og miljøproblem. Han har reist på kryss og tvers i heile Noreg med fleire litterære produksjonar baserte på barnebøker i DKS.

Kl. 18:15-18:20: Nokre ord frå Helene Uri og Synnøve V. Hellerud frå det nyoppretta barne- og ungdomsutvalet til NFFO.

Kl. 18:20-20:00: Føredrag ved Lene Ask om research og sakelegheit i teikningar og tekst i dokumentarteikneserien om Astrid Løken (1911-2008), humleforskar og aktiv i motstandsrørsla under andre verdskrig: Å slåss med varsomme hender. Deretter samtale med Stian Hole.

Lene Ask (f. 1974) har gitt ut ei rekkje teikneserier og biletbøker. For O bli hos meg mottok ho i 2022 prisen Årets tegneserie. 

Stian Hole (f. 1969) er ein kritikarrost og prisløna illustratør, grafisk designar og biletbokskapar. Han har m.a. laga biletbøkene om Garmann (Cappelen Damm).

Bakgrunn
NFFO starta eigen forfattarskule for dei som vil skrive sakprosa for barn og unge i 2020. Det har blitt tradisjon at me opnar skulen ein fredag i november for NFFO-medlemmer som skriv sakprosa for barn og unge, tidlegare forfattarskuleelevar og våre skjønnlitterære kollegaer i NBU (Norske barne- og ungdomsbokforfattere).

Les meir om NFFOs forfattarskule

Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Kristine Isaksen, arrangement@nffo.no / 952 01 968.

Flere av våre arrangementer

Dame som leser bok i et bibliotek

Gratis arrangementer og faglig felleskap som medlem av NFFO

Bli del av et nettverk av engasjerte faglitterære forfattere og oversettere. Delta på inspirerende seminarer, kurs og workshops som gir faglig påfyll og utvider ditt nettverk.

Bli medlem

Om nffo

Personvernerklæring

Org.nr: 944 394 958

Adresser

Post: Postboks 172 Bogstadveien 0323 Oslo

Besøk: Uranienborgveien 2, Oslo

Kontakt oss

Tlf: +47 22 12 11 40

mandag, onsdag, fredag 09.30-11.30


Motta vårt nyhetsbrev

Navn

Epost

Våre adresselister er strengt konfidensielle og deles ikke med uvedkommende. Alle nyhetsbrev vi sender ut inneholder en avmeldings-link og du kan når som helst melde deg av.