Nyheter
Innspel til statsbudsjettet 2027 frå NFFO

Cathrine Sandnes, generalsekretær i NFFO
Les NFFOs innspel til utdannings- og forskingskomiteen for statsbudsjettet 2027.
Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO frå no) er ein medlemsorganisasjon for forfattarar og omsetjarar av faglitteratur og sakprosa.Me har i underkant av 4 800 medlemmer,og fleirtalet skriv lærebøker og akademiske fagbøker.NFFO jobbar for eit kunnskapssamfunn der alle har tilgang til god faglitteratur.
NFFO takkar for høvet til å komme på høyring, og har følgjandeinnspel til utdannings- og forskingskomiteen når det gjeld statsbudsjettet2027.
Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 62 Felles tilskotsordning
Frå 2027 føreslår Kunnskapsdepartementet å slå saman tilskot til skulebibliotek og bøker, tilskot til fysiske lærebøker og tilskot til innkjøp av bøker i barnehage til ei felles ordning. NFFO er bekymra for at ei samanslåing vil gjere at tilskotet til dei tre blir dårlegare over tid og at ressursar i kommunane blir nytta på intern kiving om allereie knappe ressursar. I tillegg er det lagt inn endå fleiretiltak i posten1, og me opplev ikkje føreslått auke på 94 mill. kroner som ei reell styrking.
Norske elevar får ikkje det læringsutbytet dei skal ha i norsk skule i dag. Dette kjem fram m.a. i den siste PISA-undersøkinga2og Riksrevisjonens rapport om manglande grunnleggjande ferdigheiter3. Me er ikkje i tvil om at den massive nedgangen i leseferdigheitene til elevane skuldast den overdrivne overgangen til skjermbasert læring i skulen.
Norske kommunar har over tidvist oss at dei ikkje sjølve evnar å sjå at lærebøker er heilt grunnleggjande infrastruktur for læring.Derfor treng ikkje kommunane meir handlingsrom, men tydelege føringar og øyremerkingar.
NFFO er takksam for at det i forslaget til endringar i opplæringslovastår at elevar i grunnskulenskal ha rett til trykte læremiddel. Me har i høyringssvaret vårt spelt innpresiseringar som at alle elevar skalha rett til eiga lærebok og tilgang til læringsressursar i kvart fag i heile grunnopplæringa.
Skulebibliotekaer ein viktig nøkkel til lese- og lærelyst. NFFO meinar at det bør opprettast ein nasjonal skulebibliotekstandard med øyremerka midlar og bemanningsnorm. Fagutdanna bibliotekarar i kvart skulebibliotek bør vere hovudregel.
Forslag til merknad: Utdannings- og forskingskomiteen ber om at tiltaket“Tilskot til kommunar for innkjøp av fysiske lærebøker” held framunder kap. 226, post 21.
Forslag til merknad: Utdannings- og forskingskomiteen ber om at satsinga på tiltaket “Tilskot til kommunar for innkjøp av fysiske lærebøker” held fram og doblar auka frå 120 mill. kr. (2026) til 240 mill. kroner i 2027.
Forslag til merknad: Utdannings- og forskingskomiteen ber om at tiltaket “Tilskot til skulebibliotek og bøker” held fram under kap. 226, post 62 med103,2 mill. kroner som i 2026.
Forslag til merknad: Utdannings- og forskingskomiteen ber omat tiltaket “ Bøker i barnehage” held framunder kap. 231, post 21 med 10 mill. kroner som i 2026.
Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering oghøgare utdanning post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering
NFFO var ein av mange organisasjonar som protesterte då det kom fram i budsjettforslaget 2026 at ordninga “Noregskunnskap i utlandet”blei redusert med 4,5 mill. kroner og føreslått fasa ut. Ordninga har i fleire tiår rekruttert nye omsetjarar og bygd opp fagmiljø som formildar norsk språk og litteratur globalt. Derfor er me takksame for å lese i budsjettforslaget 2027 at Utanriksdepartementet føreslår å løyve midlar til ei tilskotsordning for Noregskunnskap i utlandet.
Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering oghøgare utdanning post 72 Tilskot til tiltak for høgare utdanning
Lærebokordninga for høgare utdanning eravgjerandefor at forlag skal kunne giut norsk- og samiskspråkleg pensum som det er fagleg behov for. Ordninga er eit konkret tiltak som sørgjer for tilfang av norsk- og samiskspråklegpensum,i tillegg til bevaring og vidareutvikling av morsmålai kampen mot særleg engelsk. Auka støtte med 3,5 mill. kroner til opne norskspråklege forskingstidsskrift er også støtte til fagspråk på norsk, men bør ikkje gå utover støtta til bøker.
Lærebokordninga bør vidareutviklast og styrkast med ambisjonen om at studentar skal ha tilgang til lærebøker på morsmålet sitt i flest mogeleg fag.Det står ikkje summen tiltaket får, men i 2025 blei det løyva støtte til 70 bøker og i 2024støtte til 69 bøker. Dette er ikkje nærleiken av det faktiske behovet. NFFO meinarat det i framtida bør innførasteitforfattarhonorar i lærebokordninga og at den kan inkludereomsetjingar avfagbøker til norsk.
Forslag til merknad: Utdannings- og forskingskomiteen ber omat tiltaket “Lærebokordninga for høgare utdanning” får dobla løyving for å kunne støtte 140 bøker.

Måtte framskynde nye KI-retningslinjer for sakprosa
Fredag kan NFFO presentere en nyvinning i det litterære Norge: retningslinjer for bruk av KI i sakprosaen. Sven Egil Omdal har ledet en arbeidsgruppe som nå foreslår fem nivåer for bruk av KI.

Her kan du lese forslagene til retningslinjer for bruk av KI
Dette er delinnstilling fra Etikkutvalget i NFFO, om kunstig intelligens i sakprosa.

Norsk fagspråk er en truet art i høyere utdanning
Universitets- og høgskoleutvalget i NFFO har tre løsninger til politikere som ønsker å redde norsk som fagspråk i høyere utdanning.